Eit tilbod til alle!
Det er stor forskjell på å vere trygg i vatn og å være symjedyktig.
YSSS har kurs for ditt barn frå vasstilvenning til grunnleggjande symjeteknikker over lengre distanser.
Norges Svømmeforbund reknar born å vere symjedyktig når krav til selkurs er oppnådd.
YSSS kan hjelpe deg heile vegen!
Frå grunnleggjande symjekurs, symjetrening, konkurranse trening, og instruktør linje har YSSS eit tilbod for symjeinterresert ungdom
YSSS held regelmessig kurs for vaksne som har lyst å lære grunnleggjande crawl teknikk, eller forbedre eksisterande symjeteknikk.
I sommarhalvåret arrangerer YSSS "open water" symjetrening.
YSSS har også ei uformell "masters symjegruppe" og er alltid på jakt etter trenarar og instruktørar som vil bidra i lokalmiljøet i Hareid, Ulstein eller Herøy.
Følg oss!
Dyktige instruktørar
Instruktørteamet vårt består av unge og vaksne tilhøyrande i Herøy, Ulstein og Hareid.
YSSS sine symjeinstruktørar er utdanna i samsvar med Instruktørutdanninga til Norges Svømmeforbund.
Bli symjeinstruktør!
Som instruktør får du gleda av å lære barn å symje. Det er ein utruleg kjekk jobb, i eit triveleg miljø med andre instruktørar.
Og det er ei viktig oppgåve - for det å lære barn å symje er ein livreddande innsats for samfunnet.
Vi søker instruktørar til vår veksande symjeskule. YSSS tilbyr symjeopplæring til barn, ungdom og vaksne i Hareid, Ulstein og Herøy
Fra rekrutt og mosjon til konkurranse symjing, YSSS har trenings muligheiter for born, ungdom og vaksne